Våmartveit – Kostveit

På Våmartveitsida tek løypa utgangspunkt i parkeringsplassen ved Brakketeomta. Høgaste punkt frå Våmartveitsida når ein etter om lag 1 km ved Kvæven (790 m.o.h.). Etter Kvæven kjem du til Beltrosli, her er postkasse med bok ein kan skrive i. Løypa gjeng så i lett terreng fram til Gåsvatn (772 m.o.h.) Rett før ein kjem til Gåsevassvikje kjem løypa inn på skogsvegen som den fyljer heit over mot Kostveit. Ved Gåsevassvikje er ein halvvegs mellom Våmartveit og Kostveit. Frå toppen av Deildedalen (785 m.o.h.) som ligg om lag 1 km frå enden av løypa ber det nedover att til Kostveit. Heile løypa er 5 km. ein veg.

Utsyn frå Hornshovd (939 m.o.h.) mot Rauland.

Foto: Ingvald Bjåland

Skiløypa Kostveit til Våmartveit: Litt stadnamn og heimekunnskap.

På endesnuplassen av Kostveitvegen med nokre parkeringsplassar fem kilometer vestover frå avkøyrsla på fylkesveg 37 midtvegs mellom Åmot og Rauland startar me med løypeutgreiinga. Ved bommen byrjar Gåsevassvegen med spor og skøytetrase. Her går me vestover etter Liemyrane og kryssar Liebekken. På sørsida ligg ei gamal utløe flytt frå plassen Øvre Årtveit. Nordom møter Ramsjenetten. Straks i stigninga går Kosebekkvegen sørover til Årtveit og Aslestøylliane. Men me går vestover i nokre svingar og kringlar oss gjennom Kristibakke  i Messelie som har namn etter Kristi som ofte sat her å såg etter buskapen. Midt opp i Messelie på øvre side stend Steinstolen der det er litt gildt å kvile i for småtrolla. Her kan ein og gå vestover inn på Prestevegen og den gamle ålmennvegen  som gjeng over til Bøgrend i Vinje. Me svingar litt nordvestover og gjeng opp Deildedalen til topps i dei bratte bakkane. Gjennom grinda sørvestover ligg ei stutt slepe inn på ålmennvegen.  Her er det høveleg å snu kjem du vestanfrå. No har me kome til lettare terreng etter Nystøylmyrane med Urdeitjønni, Vesle-Nystøyl- og Nystøyl-tjønni  med Damhaugane og Kjeddebjørhovet på vestsida. Me går over Nystøylvollen. Selet brann ned for lenge sidan og bjørkeskogen har teke over. Så kryssar me bekken frå Krubbetjønni og passerar Gåsevasslaupet og langsmed Gåsvatn som er den største av tjønnane i vassdraget. På austsida er støylen Gåren under Gårenuten der det bur tussar. Vestover skimtar me såvidt til Hinutane framom  Skjennutane som saman med Hornshovd nordaust for oss er høgst i Kostveitheii cirka 940 meter over havet. I nordenden av Gåsvatn delar vegen seg. Nordover kjem du til Dalstøyl og set du opp lia austover kan du kome deg til Hornshovd, men her er det bratt. No går me vestover rundt Gåsvassvikji og  i sørkanten av Steinstøylhovet. I myrkanten i sør kan me sjå ei tømra halvtekkje til berging av myrslåtta. Nord i myri ligg Djupetjønn der Tokkebjønnen slo ei søye i 2007. I sørvest ligg støylen Tvigyva og Sudigarstrogadalen. Så kjem me til Beltrosli. Om Kose og Vaae kan du lesa i fyste bindet side 90: Rikard Berge; Vinje- og Raulands-soga. Huttetu. Der er restar etter setuselet. Her kan me skrive kommentarar om alt i turboka i POSTKASSA. Litt vest om Beltrosli er me på høgste punktet i løypa. No ser me Flotubunuten i vest der den ragar mest 1300 m o h som ei såte i høgdi. No gjeng det slae utfor sørforbi slåttemarki på Kvæven, vestover gjennom Kaupmannsteigen i nokre heng og ned til Våmartveitvegen som går frå Europaveg 134 i sør gjennom bygdi Bøgrend mot Krossbakkåi og vegskilet til Brottestohaugen og Åmlihaugen mot nord og gardane i Våmartveit i vest.  Lengda på løypa ein veg er 5 km. No kjem me inn på fleire av traseane til Vinje Løypelag.
Tilslutt : Det kan nare og blåse i heii og så me må klæ oss lagleg. Ta med litt gotteri og.

Eg runda hugheilt bak Steinstøylhovet, og rende rett ut i harding- govet. Ein regel sei: Det er best å snu, når tussan dansar på Flotubu.
Ingvald Bjåland