Bøgrend – Våmartveit

Løypa startar frå parkeringsplass ved Torvhesja. Her finn du også informasjonstavle for løypene i området. Løypa kryssar straks Kåvsåi før du kjem til fyrste løypekryss. Her kan du ta til ventre sudover mot Århus eller til høgre nordover mot Drengshyl. Løypa sudover endar ved Århus i Bøgrend. Fyljer du løypa nordover mot Drengshyl kjem du til nytt løypekryss der løypa møter løypa fra Birkjebekk og Åbøgrend. Fortset du vidare nordover passerar du straks Drengshyl før du kjem til Kåvsvatn og Dammen. Vidare frå Dammen gjeng løypa langs vestsida av Våmarvatn og rundar til slutt sud austover mot Våmartveit og Krossbakken. Løypa er 11,1 km ein veg.

Informasjon-tavle_large2