Om løypelaget

Fredag den 30. januar 2009 vart Vinje Løypelag danna i Bøgrend. Det deltok personar frå grenda og hyttefolk i Våmartveit.
Ynskje om å få oppkøyrde løyper også inne på Våmartveit har no vorte ein realitet. Fram til no har Aslak Krossbakken og fleire køyrt opp ei løype frå Bøgrend og opp til Kingland inne ved Våmarvatn. Det har vore fleire dugnader i alle trasear slik at det skal vera gode forhold. Initiativtakerane til løypelaget, Aslak Krossbakken og Øystein Høgetveit sto for dette møtet og har alt skaffa seg ei brukbar prepareringsmaskin. Det vert brøytt opp parkeringsplassar langsmed vegen til Våmartveit. Målsetjinga er å halde oppe løypa frå Bøgrend og inn til enden av Våmarvatn. Løypa gjennom hyttefeltet på Våmartveit vert minst oppkøyrd frå fredagskvelden kvar helg samt i vinter- og påskeferiar.
Årskontingent er sett til kr. 390,-
VIPPS Vinje Løypelag med VIPPS nummer: 18 695
eller bruk konto: Vinje Løypelag 1503 09 46429. Hugs avsendar.
For å støtte oss via Grasrotandelen er org. nummeret: 994883577

Til hundeeigarar og brukarar av løypene.

Nokon ynskjer å bruke den maskinpreparerte  skiløypa til andre føremål som å gå til fots eller bruke andre framkomstmiddel. Løypelaget vil minne om  at løypetraseen er meint for skiøving  og ein ved annan bruk må syte for at ein ikkje set noko spor etter seg. Det vil sei at ved slik utøving må det vera fast skare i traseen. Bruk sida lengst vekk frå skisporet. Hugs på: Bruk kort bandlengde til hunden når de går i uoversiktleg bratt terreng og når de møter ungar. Sjølv om hunden er vel oppdregen er det mange som har redsle for hundar.

Vår oppmoding til hundeeigar som har med hunden på tur er at de tek dykk tid til å fjerne hundens ekskrement viss han gjer frå seg i skiløypa. Skulle ein være uheldig å ramle i løypa er det ikkje greitt å lande på ein bikkjelort. Det er heller ikkje greitt når ruka set seg fast under skia, noko som kan skje.

Bandtvang

Det er generell bandtvang i Vinje, jamfør Hundelova frå 1. april – 20. august. Vinje kommunestyre vedtok 3. oktober 2013 lokal forskrift om hundehald i kommunen, der bandtvangen er utvida. Om bandtvang § 2 i denne forskrifta står det: Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn: a) I maskinpreparerte skiløyper heile  vintersesongen. b) I utmark der bufe beiter til 10. oktober. c) På inngjerda mark der bufe beiter fram til 1. november. Unntak er dei tilhøve som er nemnde i hundelova § 9 Unntak frå sikringsregelen.

Les meir om hundelova:

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2003-07-04-74

Les meir om: Forskrift om hundehald, Vinje kommune, Telemark http://lovdata.no/dokument/JB/forskrift/2013-10-03-1268